fredag, august 07, 2026

Dagbok 2026: fredag 7.august

 Klokka er no 20-50, temperaturen ute er +12 grader, det er opplett, men eg trur ikkje eg har sett sola i dag.I dag fekk eg melding om at Margrete ville komme ein tur, og det var eg veldig glad for. Ho har vore i Solund ein ytur , så eg ville no høyre korleis dei har det der. Eg reiser ikkje så mykje lenger, eg er blitt for gammal , og har det best heime.Eg laga middag til Margrete og meg, men den var litt overkokt/steikt for Margrete kom nesten ein time "for seint". Men det var ikkje hennar skuld.

Ungdommane i familien er visstnok i syden enno, men Erlend er heime så han har hjelpt mora litt med å passe alle fire hundane.

Det var kjekt å få høyre frå Solund- 

Det er Rolf(broren til Nils) og kona Mimi som styrer butikken og mykje anna i Ytre Solund no, og der er det fullt hus -i alle fall om sommaren. Slik var det også den tida foreldra til Mimi styrte der. Eg hugsar kor hjelpsomme dei var og kor godt det var å komme inn på kjøkkenet til Helena når eg hadde reist med båt frå Bergen om natta.  Men om eg reiser til Solund no, er det ikkje så mange som kjenner meg, og eg kjenner heller ikkje mange . Men Mimi og Rolf kjenner eg sjølvsagt.(Rolf er broren til Nils).

Vi snakka også om korleis det blir for Margrete å begynne på nytt skuleår, med nye elevar. Men det plar gå godt.


Ingen kommentarer:

Dagbok 2026: fredag 7.august

 Klokka er no 20-50, temperaturen ute er +12 grader, det er opplett, men eg trur ikkje eg har sett sola i dag.I dag fekk eg melding om at Ma...