Denne dagen gjekk fort forbi, etter morgonstell etc. gjekk turen til frisørdama, det var på tide, og godt å få litt mindre hår å stelle. Det er godt å ha bilen igjen slik at eg kjem meg rundt utan å bry andre.
Då eg kom heim att var eg så trøtt at eg berre måtte legge meg nedpå ei stund.Ikkje forstår eg kva eg var trøtt av, men sovna gjorde eg og sov ei god stund.
Marit hadde vore til legen i dag, så eg måtte no opp til henne og høyre korleis det hadde gått, og det hadde gått fint. Men det var no ei stund sidan sist vi såg kvarandre og då er det mykje å prate om. Så i dag har det ikkje hendt så mykje og eg har ikkje gjort verken hagearbeid eller husarbeid, og det blir ikkje gjort noko meir i kveld. Men endeleg har sola greidd å kome seg gjennom skydekket
så det kan bli ein fin kveld.
I morgon håper eg på å få kontakt med dei i familien som har vore på tur. Vil gjerne snakke med dei og høyrer korleis dei har hatt det.
Bildet over har eg tatt akkurat no ; veret skifter mellom sol og regn. Eg treng litt finever for å få plukka bæra i hagen- så kanskje i morgon?
PS: Det er kjempegodt å ha bil igjen.

Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar