lørdag, august 22, 2026

Dagbok 2026:22.august

                 Bildet har eg tatt frå altanen mot vest litt før klokka 21.


Klokka er no ca20.30, temperaturen ute er + 14 grader, det er overskya , men opplett. Dette har vore ein litt rar dag for meg, eg hadde ingen planar for dagen, så det vart ikkje mykje gjort. På føremiddagen strikka eg ferdig ein lest og så laga eg bomkålsuppe til middag. Eg fann på å ha meir grønsaker i suppa så eg tømte nedi ganske mykje  kjøpte frosne grønsaker- og jammen vart det godt og sikkert veldig sunt.

Eg var litt surrete i dag ,visste ikkje kva eg skulle gjere, men så fann eg på å legge meg på sofaen i stova- og der sovna eg. Kor lenge eg sov har eg inga aning om, men eg trur det var nokså lenge. Det var sikkert eit behov, men eg trur ikkje at eg har sove på den sofaen før.

Eg veit a Marit gjerne vil at eg skal komme opp ein tur, så då vart det neste post i programmet. Eg vart no sittande å prate ei god stund, som vanleg, før eg gjekk ned att.

Då la eg opp til lest nummer to og strikka eit par omgangar før eg kom på at eg skulle skrive blogg. So de ser har det ikkje hendt meg mykje i dag, men det kjem ein dag i morgon også.-ein helgedag.  Og det er ikkje så viktig at det hender så mykje-det hender NOK i den store vide verda- Eg skulle ønske at vi fekk litt betre og varmare ver no før hausten kjem, sommaren vart liksom litt for kort.Håper alle får/har ei god helg.

Ingen kommentarer:

Dagbok 2026:22.august

                 Bildet har eg tatt frå altanen mot vest litt før klokka 21. Klokka er no ca20.30, temperaturen ute er + 14 grader, det er o...