Klokka er no18.20, temperaturen ute er ca15 grader C, det er overskya og skodde , men opplett.Men skodda ligg nesten heilt ned på jorda.
Eg har vore her åleine heile dagen, men eg finn no på litt av kvart, til dømes vaskar eg klede, så strikkar eg litt innimellon, løyser sudokuar og så har eg lurt meg til å jobbe litt i hagen, ganske stillferdig har eg klipt gras med saks her og der. PÅ bildet kan ein sjå ein stor flat stein som ligg rett ovafor plommetreet. Den steinen er MIN, seier eg. I dag har eg klipt graset rundt steinen slik at den skulle bli meir synleg. I fjor klipte eg også rundt den , men då skure eg den ¨så steinen kunne glitre der den ligg i sola. Så langt er eg ikkje komen i år- men berre vent.
Elles lurer eg meg til å strikke litt og sjå TV. Det er alltid noko å finne på når ein er åleine også, eg saknar no sjølvsagt å ha her nokon, men det er ikkje synd i meg for i går var eg i lag med Margrete så å seie heile dagen. Dessutan trivst eg bra åleine også

Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar