Klokka er no 20.14, temperaturen ute er +13 grader C, og det regnar meir og mindre, slik det har gjort i heile dag. I dagmorgon var det opplett så eg planla å klippe plen. Men først måtte eg på butikken og handle inn mat til helga, må no ha litt ekstra då i tilfelle det skulle kome nokon. Eg var så vidt komen heim att, så fekk eg melding frå Solveig om at ho var på veg. Det vart eg no sjølvsgt glad for, og eg mistenkte at ho hadde tenkt å klippe plen. Eg tok ikkje feil, men ho var ikkje før komen, så begynte det å regne.
Heldigvis hadde eg nesten sagt, for så fekk ho heller hjelpe meg med stikketøyet mitt. Før jul strikka eg minst ein lest for dag, men når eg no skulle prøve meg, hugsa eg ikkje korleis eg skulle felle av hælen. No fekk eg ny opplæring så no kan eg kanskje unne meg å strikke litt av og til-men eg må passe handa mi, for heilt god er den ikkje enno. .
Det vart ikkje plenklipping i dag altså, men håper det lettar opp over helga. VI har hatt ein trasig August i år når det gjeld ver. Eg brukar å seie at august er den finaste månaden-men det passar ikkje i år. Det ser ut som om eg brukar samme bilda om att her på bloggen, men det gjer eg ikkje, sjølv om det ser slik ut. At veret er slik som det er kan vi i grunnen vere litt glade for. Det er verre for dei som får altfor mykje sol og varme.Eg set no her åleine framfor TV-en med strikketøyet mitt. Men eg har det godt.

Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar