tirsdag, august 18, 2026

                                        Her står batteriet på ladding.


Klokka er no 18.47, temperaturen ute er + 16 grader C, Sola skin som ho har gjort i heile dag(trur eg).

Eg har hatt ein rimeleg aktiv dag i dag. Eg fekk melding frå Einar om at han ville komme og hjelpe meg med å rydde i garasjen. Då kom eg på at eg måtte ha noko på butikken , så då vart det ein liten biltur på meg, eg må berre seie det endå ein gong at det er veldig bra for meg å ha bil, når eg ikkje er så lett på foten. 

Eg tenkte eg kunne klippe litt gras mens eg venta på Einar, men då eg hadde klipt ei stund og gjekk opp att på tunet, var Einar komen. Han jobbar fort, så eg trur han ryddar meir på ei lita stund enn eg gjer på timesvis. Men før vi tok ryddinga heilt ut, åt vi middag og drakk kaffi. Det var ei stor lette for meg å få vekk så mykje av garasjerotet mitt, det var i grunnen ikkje mine ting, men mest slikt styr så Nils hadde hatt når han fiska, ja, og diverse malarkostar etc, som Einar har når han målar på huset her. Og diverse "rot" som låg att etter snikkaren.Og det han ikkje tok med seg står her i sekkar som eg skal ha opp i dei grøne boksane som vert henta av VØR.

Eg tok meg ein pause då eg vart ålene, men så var det han igjen  med plenklipping når batteriet var opplada. Eg klipper og klipper, og graset veks, så eg vart ikkje ferdig i dag heller. Den skråninga nedanfor huset er dryg og batteriet til klipparen treng 4 timar til å ladde opp, så alt tar si tid. Eg veit at dei som er unge og spreke og kan springe med klipparen, dei gjer jobben mykje lettare og fortare.
 

I dag var det ny avis, og der kunne eg lese at Erlend og nokre andre hadde spelt og sunge nede i Vik-utan at eg visste om det. Eg trur han skal synge i kveld også for dei var her og henta han med bil. Han har ikkje bil sjølv -så han blir henta. No skal eg slappe av og høyre nyheiter mellom anna -og så strikkar eg igjen -men ikkje for mykje.

Ingen kommentarer:

                                        Her står batteriet på ladding. Klokka er no 18.47, temperaturen ute er + 16 grader C, Sola skin som ...