Så er vi komne til klokka 18.10 i dag, og sola har nettopp funne oss. Heilt typisk for denne sommaren er at vi får kveldsol-og berre det. Men betre seint enn aldri.
Eg var tidleg oppe i dag for eg skulle til legen. Eg er ikkje sjuk, men fastlegen min hadde sagt at eg måtte ha eit treff med den nye legen når eg fekk vite kven det var. Eg trudde eg skulle få ei stund med henne for å bli kjent, men der var så mykje folk i dag at ho kunne ikkje ta seg så mykje fri-trudde eg.. Så eg bad om å få ta ein blodprøve og dett var dett. Eg har no i alle fall sett henne.
Eg kom meg no fort heim att og der gjekk eg opp til Marit. Ho har ikkje vor så frisk siste dagane, og ho set pris på at eg kjem.
Men eg hadde no ein jobb å gjere også. Og i dag gjekk det veldig fint å klippe plen. Eg skubba klipparen med handemakt så det vart passeleg fart så eg klipte rundt huset og oppe med postkassane og litt nede i hagen. før det var slutt på straumen. No har eg ladda opp att batteriet, men eg trur ikkje eg skal klippe meir i kveld.
Einar har sendt meg ei melding om at han vil kome i morgon og sjå kva vi kan kaste av det som er i garasjen, og det er no ei god hjelp for meg. Det er ikkje så farleg om ein ikkje klipper plenane så ofte no, for graset veks ikkje så fort no lenger.
Eg har sjekka svartsurbæra mine, dei er ikkje modne enno, men eg må passe på når det lid på elles tek fuglane alt.

Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar