mandag, august 10, 2026

Dagbok 2026: 10. august






 Klokka er no 19.25, temperaturen ute er pluss 10 grader og det regnar- Eg har sete her i timesvis utan å få til å skrive blogg, det var alle slags vanskar , så eg kom meg ikkje til. Eg sat å plundra med telefonen og såg om der var nokon eg kunne ringe, men eg ringde ingen. Så ringer det på døra, og der står HELGE. og han har hjelpt meg så langt og så spørs det om eg greier å ikkje gjere noko gale.Så no må eg vere forsiktig med kva eg skriv.

Det har no vore ein bra kjekk dag i dag. PÅ føremiddagen laga eg mat til Einar og meg, det var kjøttkaker, som vanleg.Han var heime no,men reiser  tilbake til Oslo for å vere der ei stund til. Han hjelpte meg med datamaskina, men eg har vel greidd å rote det til igjen etterpå.  At Helge kom var nok fordi eg har kome bort i nummeret hans når eg sat og rota med telefonen.

I går kveld fann eg ut at eg var god nok i høgrehanda til å begynne å strikke igjen, og det gjekk heilt fint, heilt til eg skulle felle hælen. Kor mange hælar eg har felt .det må gudane vite, men det har vore pause ei stund, så eg må kanskje spørje Solveig igjen. Det er heilt merkeleg kor ein kan gløyme når ein er gammal.

Det er så trasig å ikkje få vere ute og plukke bær, men denne sommaren regnar no heilt bort no, og ikkje er det varmt heller her hos oss.




Ingen kommentarer:

Dagbok 2026 12.november

Klokka er no19.40, termometeret på trappa står på 0 og eg tok dette bildet for eit par minutt sidan.  Den første snøen kom i går kveld og i ...