Dette har vore ein fredeleg dag,utan mange hendingar, og då snakkar eg for meg sjølv. Eg har vore åleine heime i dag, men hadde ein tur på butikken på føremiddagen,. Eg hadde nemleg ikkje att kaffi, og det må ein no ha. På butikken var der full kaos , dei driv og har ut benkane og bordet , der dei har hatt utsal av ferdiglaga mat. Eg tru mange kjem til å sakne den disken. Eg veit ikkje kva som kan kome i staden.
Til middag i dag hadde eg rikeleg att frå i går, eg har ikkje laga desserten enno, men den får eg ta til kvelds- kanskje.
Eg har vore oppe hos Marit og drukke kaffi og ete is, og prata - ikkje minst. Same kor mykje vi er i lag så har vi mykje å snakke om. Og går vi tomme kan vi begynne frå start igjen. Eg føler på at det har vore sundag,men kalenderen seier at det er tysdag.
NO kom eg på at eg skulle ha plukka bær i dag for det har no vore opplett, men så får eg heller sette det på timeplanen for morgondagen. Der er ein del solbær som eg vil berge.

Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar