Klokka er no 20.21, temperaturen ute er +13 grader.
Eg har hatt ein litt tullete dag i dag, Først ville eg ikkje stå opp fordi eg var så låk i føtene, det har eg vore nokre dagar no, men då eg bestemte meg for å stå opp likevel gjekk det heilt fint. I dag ville eg prøve å rydde litt opp både inne og ute, og det varte ikkje lenge før eg hadde blod på tann. Etter at eg hadde rydda itt inne gjekk eg ned i hagen og hadde utover noko mold som har lagt i ein dunge, kor vellukka det var vil tida vise. Eg laga meg middag også og på slutten av dagen sat eg opp med Marit, til det vart tid for Nyheiter på TV. Eg har følgt godt med på "kongehuset" desse dagane;Og mens eg ser TV strikkar eg lestar-igjen, eg hadde ein lang pause.
I dag er det siste dagen i august, det var ein viktig dag for meg i oppveksten. Både besta og pappa hadde fødselsdag, det var akkurat 20 år mellom dei i alder.
Og så begynte alle skulane på Eid 1. september. Barneskulen, realskulen og gymnas heldt til i samme huset. Det var alltid spennande med skulestart, men etter som vi vart eldre vart det særleg spennande å sjå dei nye gymnasiastane- Sidan det var 2årig gymnas kom det elevar frå alle landets kantar, særleg nordfrå. Trøndelag, Nordland og Finnmark var godt representert. Eg hugsar godt milde, mørke kveldar, då vi gjekk ute for å "sjå på livet".

Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar