Dette er Nils og guten er SondreDalhaug. Det var ikkje meininga at dette bildet skulle inn her, men det er eg so tullar med maskina, får ikkje til det eg vil ha.
Klokka er no 16.19. temperaturen ute er + 14 graderC, akkurat no er det opplett, men det har regna mykje i dag. Eg har ikkje merka så mykje til det, for eg har vore inne heile tida. Eg var ikje så kvikk på morgonstunda, så eg vart verande inne. men eg kom meg ut på dagen. Eg hadde ikkje så mykje å styre med i dag så eg strikka litt på ein lest som eg begynte på å går. Eg håper handa mi toler det. Eg har ikkje snakka med ei sjel i heile dag, det har no ikkje vore ver til å vere ute heller. Det som plagar meg litt er at eg ikkje kan gå på Vernet fordi eg har ein eller kanskje to vonde føter, men slik er det berre. Eg har altså sete inne og strikka og sett TV. No er det opplett ute, så der går and å vere ute viss ein vil.
I morgon har eg legetime kl.10.20, då skal eg presentere meg for den nye fastlegen min, eg er litt spent på det.Eg likte godt henne eg hadde før, og det var ho som sa at eg skulle gjere det slik. Vi som er gamle er vel dei som likar fastlegesystemet best.(Dette er ikkje sant-eg skal ikkje til lege i morgon, men neste mandag .Eg får ikkje til det eg skal på datamaskina i dag og Erlend er ikkje heime.Håper eg får retta opp feila.
Eg skulle hatt nokre fleire dagar i hagen, plukka bær til dømes, så eg håper på sol og sommar igjen. No fekk eg lyst til å gå ut og sjå om blåbæra er modne. Det er slike kjøpebær- tre altså, ikkje vanlege skogsbær. Og dei brukar å vere store og gode.

Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar