lørdag, august 01, 2026

Dagbok 2026: 1.august


 Klokka er no17.50, temperaturen ute er +10 graderC, og det er overskya og litt regn av og til, det er slik vi har hatt det no ei stund, det vart slutt på dei varme soldagane. Eg hadde ingen andre planar for dagen i dag enn at eg skulle på butikken og handle matvarer til helga. Det var veldig kjekt å handle i lag med døtrene mine og andre som eg fekk sitte på med, men det er avslappande å klare seg sjølv. Men eg fekk litt gode idear frå dei andre som eg handla i lag med, så no er ikkje handlekorga mi fullt så kjedelig lenger.

I dag var eg så trøtt då eg stod opp at eg gjekk og la meg igjen etter frokosten.Eg har vore trøtt heile tida etterpå også og det vart ikkje stort betre av å sjå TV med Mikkel og Hermann rundt i Europa. Det var heller ikkje oppkvikkande å fyre godt i omnen. Men det er så kaldt at eg går i tjukk ullgenser heile tida. Men så er eg n veldig glad i varme også-

Eg har ikkje hatt besøk av barn og barnebarn siste dagane, men eg håper dei finn vegen hit igjen om ikkje så lenge. Dei har no vore ute og reist så dei har sikkert noko å fortelje.

No sit eg her ved datamasina mi og frys i ullgenseren, så no må eg inn att på stova.

Ingen kommentarer:

Dagbok 2026: 1.august

  Klokka er no17.50, temperaturen ute er +10 graderC, og det er overskya og litt regn av og til, det er slik vi har hatt det no ei stund, de...