fredag, juli 31, 2026

Dagbok 2026: 31.juli


 Klokka er no 20.25, temperaturen ute er+ 12 graderC, det er overskya og regnar litt.Dette har vore ein roleg dag, har vore heime stort sett, gjort lite og slappa av.

Eg var oppe hos Marit ei stund på føremiddagen, ho var også ålene heime i dag. Ho og eg har alltid noko å snakke om, men det er ikkje slikt som er av interesse for andre.

Eg skulle ha klipt meir plen i dag, men det var ikkje så fristande å halde på med det når det regna litt. No har eg sete og sett TV ei stund, det kan ein i alle fall gjere om det regnar.

I heile dag har eg gått rundt og trudd at det var laurdag, så eg vart gledeleg overraska då eg fann ut at det berre er fredag, så kan eg ta bilen i morgon og køyre på butikken. Då har eg no litt plan for dagen. Eg har også vore inne på tanken om å ta fram strikketøyet igjen, for handa er bra no, trur eg. Håper eg.

Ingen kommentarer:

Dagbok 2026: 31.juli

  Klokka er no 20.25, temperaturen ute er+ 12 graderC, det er overskya og regnar litt.Dette har vore ein roleg dag, har vore heime stort set...