Eg hadde ingen planar for dagen, og det er kanskje derfor ikkje alt gjekk like bra. For det første var eg veldig trøtt på føremiddagen så eg hadde vel sove for lite. Men eg må alltid ha noko å gjere og i dag ville eg ta oska ut av omnen og pusse ruta etc. slik som eg gjer med omnen av og til. Det vart vel mykje søl, men det gjekk no rimeleg bra til slutt.
Jobb nummer to var å klikppe plenen nedafor huset, batteriet var opplada så det var berre å gå i gang. Eg er ikkje heilt fortrolig med den nye klipparen, eg har funne ut at viss det skal gå heilt bra, må ein springe. Gamle damer på 86 år spring ikkje så lett!. Eg fekk no klipt nokre gonger opp i "boksen" . Men klippinga var ikkje så fin, veldig ujamn etc. Eg måtte slutte før eg var ferdig for batteriet var tomt- trudde eg, for maskina stoppa. Seinare såg eg at der slett ikkje var tomt, men eg har ikkje gått ut att og klipt meir. Eg ser fram til at Solveig kjem på besøk, for ho greier å springe med klipparen. Heldigvis er det naboen som klipper den plenen min som ligg opp til vegen/gata- så den er alltid fint klipt.Eg kunne gått ut att i kveld og klipt meir, men eg ventar til i morgon-trur eg.
No er det snart slutt på juli månad, men eg håper på ein fin august, for det er favorittmånaden min.
Eg er så heldig at eg har gode naboar på alle kantar, og eg spør ofte om hjelp.
I dag klaga eg på at rosene mine er så "stygge" i år, dei misser både blad og blomst. Litt etter ho ho med fine roser til meg, slike som ho hadde i eigen hage- Så no kan eg glede meg over fine roser.


Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar