Klokka er no 16.30, Temperaturen ute er +15 grader C det er overskya og ikkje sol, men bitte lite grann regn av og til. Verey har vore såpass at eg har fått jobba litt ute i hagen. Først rydda eg i beddet ved garasjeb, der ser vel ikkje så mykje betre ut på bildet, men det er faktisk ganske mykje finare no. Rydda litt i beddet nedafor garasjen også.
Det begynte å regne litt så eg måtte vente før eg kunne gå ut att.
Etter at eg hadde hatt eit måtid mat tok eg til att på beddet ved Urkegarasjen.Der er det litt plundrete å jobbe fordi beddet er så breidt. Men eg kom no i mål i dag også, og eg synest det blei fint med den møke molda- det var den eg hadde på sist eg rydda der. Det blir diverse som må på VØR men mykje kan eg ha i vår eiga kasse.Eg ser på bærbuskene når eg går nede i hagen. Det blir ein del solbær, men dei ser litt små ut enno. Det samme med stikkelsbæra. Bringebæra ser skrøpeleg ut, blåbæra er ikkje modne enno og rips blir det ingen ting av for eg klipte den einaste buska litt for mykje i fjor. Eg er ikkje interessert i så mykje bær for då må eg sylte og safte-men det er kjekt å ha litt bær å gomle på når eg går nede i hagen. Graset må vel snart klippast igjen, eg er ikkje så ivrig på plenklipping etter alt styret med klipparar.
Eg er her heime åleine no, så det blir ikkje så mykje å skrive om, men det dukkar vel opp ein kvan no og då. Solveig og Øystein er på ferietur til Trondheim og kvar alle dei andre er har eg ikkje oversikt over, men eg håper dei dukkar opp her av og til.


Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar