mandag, april 14, 2025

Dagbok 2025: 14.april



 


Klokka er19.20,temperaturen ute er +6 grader C,. Det har vore opplett i dag og ein god del sol, men eg har ikkje vore så mykje ute fordi eg hadde noko å gjere inne.

Til alle høgtider og andre merkedaga brukar eg å lage gulrotkake, for det har vore veldig populært blant ungdommen. Og så er dei så gode med at ein kan fryse dei og ta fram fleire gonger. Altså skulle eg lage ei slik i dag.Men eg hadde ikkje alt som skulle til, så eg måtte å butikken først. Eg skreiv hugseliste og gjorde meg klar til avgang. Det var berre å sette seg i bilen å fare. Trudde eg. 

Men bilen var heilt død. Han var heilt grei då eg sette den i garasjen på laurdag. Men eg forstod kva det var, for dette har hendt før-fleire gonger. Det er batteriet som sviktar, truleg på grunn av at eg køyrer berre korte turar så batteriet blir ikkje oppladda. Og kvar gong dette skjer så lover eg bot og betring utan at det hjelper. Naboen har ladda opp for meg mange gonger, men eg har ikkje spurt han i dag. Nok om det. Eg bestemte meg for å gå til butikken sjølv om hugselista var litt lang. Men det gjekk fint. Eg bestemte meg for at turen var nok mosjon for i dag, så eg avlyste tur til Fonnvernet.


Så gjekk eg i gang med bakinga og det gjekk bra, etterpå vaska eg opp både i maskina og for hand.

Eg har hatt ein sudoku liggande sidan torsdag kveld og ikkje greidd å løyse den, men dag gav eg ikkje opp før eg var heilt i mål-og då var eg fornøgd med meg sjølv.

På bilda i dag får de sjå litt av påskepyntinga mi, sidan eg fekk så mykje fine blomster til fødselsdagen min trong eg ikkje så mykje anna. Men som eg sa i går så hadde eg ikkje hugsa at eg skulle "pynte" så det var i all hast.



Ingen kommentarer:

Dagbok 2025: 23.mai

 Klokka er no 23.45, det er +3grader ute no, men vi har hatt ein fin dag med sol og sommar. Har ikkje sett maken til tidleg og fin vår før.F...