tirsdag, april 15, 2025

Dagbok 2025: 15.april


Dette var eit litt kjedelig bilde; men eg ser endringar i naturen for kvar dag eg går der, og alt er tidlegare enn vanleg

Klokka er no 17.32, temperaturen ute er +15 graderC. Det er opplett og fint, men lite sol. PC-en min melder regn i morgon, så då kan det vere litt bra at eg har jobba litt i hagen i dag. Eg kom berre så seint i gang, for i dag har eg berre gått og surra og lurt på korleis eg skulle få bilen opp å stå igjen. Kven skulle eg be om hjelp t.d. No ordnar det seg, for Marit har snakka med Even om det. Eg kunne gjort det før, og eg har gjort det mange gonger, det er særleg to som eg brukar å be om hjelp, men eg har ikkje lyst å mase for mykje på dei.

Eg har gjort fint lite i dag , men eg gjekk i alle fall ein tur på Vernet på føremiddagen; elles har eg gått her og pusla heilt til det leid på dag. Men no har eg vore ute i hagen og rydda, til dømes har eg tatt opp alle løvetennene som stod under altanen, men der er tusen plantar att rundt omkring i hagen. 

Eg studerer på kva eg skal gjere med plommetreet, det er skamklipt for å seie det enkelt. Det var noko som Rasmus og eg styrte med sist haust. Eg har i  grunnen mest lyst til å ha det vekk, for det ser ikkje pent ut, og plommer har eg i frysaren , pluss at eg har eit Victoriatre lenger ned i hagen. Men så kjem den tanken: Kva skal eg ha der i staden?-Ja, eg diskuterer med meg sjølv.

I dag har Eirik fødselsdag, han er 28 år no. Eg har forstått det slik at han er hos Magrete no-i lag med dei andre søskena. Det blir no eit familietreff i  løpet av påskehelga. 

Når eg får bilen opp å gå igjen så kan eg no finne på eit kvart eg også, skulle hatt ein tur på Plantasjen-kanskje. Våren kom fort i år,  eg var ikkje heilt klar. Eg likar hagearbeid, men ryggen likar det ikkje.

No skal eg sjå om eg har bilde på telefonen som eg kan pynte opp med.

Ingen kommentarer:

Dagbok 2025: 23.mai

 Klokka er no 23.45, det er +3grader ute no, men vi har hatt ein fin dag med sol og sommar. Har ikkje sett maken til tidleg og fin vår før.F...