onsdag, april 16, 2025

Dagbok 2025. 16.april


 Klokka er no17.18,og akkurat no skin sola, det gjorde ho på føremiddagen også, men så kom der ei regnbyge midt på dagen.Eg var tidleg oppe som vanleg, det er ein uvane eg har fått. Klokka 7 var eg påkledd og ferdig med frokosten.

Litt seinare kom Janne og sa at no var bilen min køyreklar. Det var eg glad for, men eg bestemte meg for å gå tur på Vernet først og så handle etterpå.

I dag fann eg ut at eg ville gå rangsøles på Vernet,dvs gå imot sola, så eg starta med å gå oppover på sjølve muren opp til trappa, som eg gjekk ned i staden for opp i dag. 

Eg er interessert i alt som skjer i naturen denne årstida; denne veka har eg sett sniglar for første gong i år, eg har sett små svarte sniglar og gule hestehov, kvitveis har vi hatt lenge og blada til lupinane er på plass, men ikkje blomsten enno. Eg trur det ligg an til å bli ein tidleg vår. Håper det. No er det så fint ute at eg er frista til å ta ein tur til, men eg veit ikkje om det kjem einkvan innom. Eg har no hatt besøk av to naboar i dag. Marit skal på hyttetur, så eg passar Lollo. dvs. Eg gir henne mat, ho vil ikkje vere inne med meg.

Eg hadde så smått tenkt meg ut og gjere litt hagearbeid som eg begynte på i går, men så kom regnet og når det er vått i graset er det ikkje så kjekt å halde å med noko. Alt kjem så tidleg i år viss det held fram slik.

Den lange vegen som eg brukar å gå opp, fekk eg gå NED i dag, og som vanleg må eg sjå på dei kvite fjella i Dalsfjorden.Når eg går tur på Fonnvernet nesten kvar dag er det fordi eg likar å gå der, og fordi det er tryggare for meg enn å gå i ulent terreng. Det er også vanleg å møte kjentfolk der eller folk som ein ikkje kjenner, men likevel tek ein prat med.


Då eg gjekk på folkeskulen på Eid hadde eg Blakset til lærer og han lærte oss namn på alle ville vekster. På lærarskulen dreiv vi også med slikt. Eg er veldig glad i "Naturfag" og likar å lære om plantar og dyr. På Eid hadde vi aldri sett blomsten HESTEHOV-eg såg den ikkje før eg kom hit til Ørsta, men eg hadde lese om den og kjende namnet.
Då eg vaks opp hadde eg ein vane med å smake på alle ting, som til dømes gras og blomster. Eg gløymer ikkje far min, ha sa til meg: Du må ikkje ete GULE blomster for dei kan vere giftige. Og det hugsa eg , men blåklokkene gjekk fint ned.
Eg meiner at naturfag skulle ha vore ein mykje viktigare del av opplæringa enn det har vore. Og det kjem det til å bli framover når ein ser alt som skjer i naturen no.
Nei klokka er berre 6. Eg går ein tur til.
Og så vil eg ønske alle som er innom bloggen ei fin påske.
Klokka er no19.17 og eg er heime frå den andre turen i dag.







Ingen kommentarer:

Dagbok 2025:20.mai

Klokka er no 18.50, temperaturen ute er +12 grader, sola skin og det er litt vind. Vi har hatt mange fine dagar i mai, men no er det visst s...