Klokka er no20.10, temperaturen ute er +12 grader, og det er overskya men opplett. Eg kom nettopp att frå ein tur på Vernet, og Lollo kom meg i møte då ho såg meg og vart med ned på tappa mi, der eg gir henne mat no mens Marit er på hyttetur. Som før sagt ser eg mykje på naturen mens eg går tur og i dag oppdaga eg lauv på ei av bjørkene som står ned mot gata/vegen. Eg såg nøye etter om det verkeleg var bjørkelauv og det var det.
Elles har eg no hatt ein kjekk dag, litt kjedelig til å begynne med, men så fekk eg melding om at ungdommane som var hos Margrete ville komme på besøk. Eirik, Nora og Ingeborg, henta Martin på Sæbø og Erlend kom opp frå kjellaren . Så vart det kaffi og kaker og mykje prat før gjengen reiste vidare til Lars. Amanda fekk ikkje vere med i dag fordi ho måtte jobbe med oppgåver. Det er vel siste spurten før ho blir LÆRAR.
Då eg hadde rydda opp litt tok eg runden på Vernet. Det var fint og friskt ute, og det har vel stort sett vore opplett i dag. Ikkje veit eg sikkert
No skal eg omsider sette på TV-en og sjå om det har hendt noko i dag.
Fortsatt GOD PÅSKE!
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar