fredag, april 18, 2025

Dagbok 2025:18.april, Langfredag.

Klokka er no18.04, temperaturen ute er +9 grader og sola skin, det er ein fantastisk vår vi har i år, med tanke på Veret.

Eg kom nettopp att frå ein tur på Vernet; eg skal innrømme at eg gjekk seint for å nyte sola og utsikten. Der oppe er nesten heile skogen grøn, fordi det stort sett erlerketre der.  Eg trefte folk der i dag også, men ingen eg kjende.
Eg har ikkje vore så aktiv i dag, var litt trøtt og slapp først på dagen. Så etter at eg hadde ete "middag" gjekk eg og la meg på "Dagsenga" mi, sovna aldri så lite men eg vart mykje meir opplagt. Det var då eg gjekk tur. På føremiddagen hadde eg ikkje gjort noko særleg og eg har ikkje garn så eg strikke(Det er mi eiga skuld)
Marit er på hyttetur med Janne og familien, så det er berre Lollo og eg som er heime. Den katten er så rar, ho kjem ned på trappa til meg så snart Marit er vekke, men ho vil ikkje inn.

Eg begynte å ta opp løvetannrøter ein dag, men der har eg mykje att; det er berre det at ein må bøye seg ned og ta opp røtene-og det røyner på ryggen. Elles ser det ut til at grasklipparen må fram snart. Klippe plen er heilt OK for då slepp eg å bøye meg så mykje.

I fjor spadde eg opp ein stor rabarbraplante, fordi den låg midt i plenen , og det var dumt når eg skulle klippe. Eg spadde opp ei stor hole, men så må der ha vore litt att, for no er der tilløp til ny rabarbraåker;men eg trur ikkje eg vil tillate det. Det er meir og meir som blir borte frå hagen fordi eg ikkje orkar å styre med så mykje.Eirik spurde meg i går om eg har sukkererter, men det var noko av det første som vart borte. Klarer ikkje alt styret med stokkar og streng.

I morgon er det familieselskap hos Solveig på Hareid, då får eg sjå det nye oldebarnet-og alle dei andre gjestane. Det er Solveig som har dei store familieselskapa, det er dei som har mest plass også-men vi er no blitt nokså mange med tida så vi tek litt plass  også. Ser fram til å sjå både små og store.Trur ikkje eg har sett Olaug sidan i fjor sommar. Ho bur no i Bergen, og dit reiser ikkje eg no for tida. I gamle dagar var eg der av og til. No skal eg sette meg ut på altanen og nyte sola ei lita stund, ho blir vel snart borte. Vi har ikkje så mykje kveldsol her i gata.



Ingen kommentarer:

Dagbok 2025:20.mai

Klokka er no 18.50, temperaturen ute er +12 grader, sola skin og det er litt vind. Vi har hatt mange fine dagar i mai, men no er det visst s...