tirsdag, april 08, 2025

Dagbok 2025: 8.april


 Klokka er no19.00, temperaturen ute er +7 grader, det er overskya men opplett.

Det har ikkje hendt så mykje i dag, men det gjer ingen ting, det hender nok og for mykje i verda uansett. Det er nesten skummelt å sette på TVen, for der er ikkje så mykje å glede seg over. Men her i Ørsta er det ikkje så skummelt-enno i alle fall-

Marit var forkjøla, så eg måtte fare åleine på treninga, men eg er no ikkje åleine der. Vi er ein flokk med gamle damer og 1 mann som trenar i lag og vi er godt kjende etter fleire år . Etter treninga gjekk eg ut Gågata og bestilte time på brillebutikken. Eg brukar å sjekke augene kvar gong eg skal fornye sertifikatet.Så får eg med meg resultatet på papir og går til legen, så slepp ho å sjekke synet. Så eg var også innom legesenteret og bestilte time der. Optikaren hadde tid til meg komande torsdag, så den er grei.Legetime fekk eg ikkje før 5.mai. Men eg rekk no alt før konfirmasjonen på Kongsberg 10.mai.Eg må passe på å få gjort slikt, og ikkje sakke akterut. I dag skulle eg ikkje gå på Vernet var tanken,men eg angrar litt for det er ikkje så kjekt å vere heime åleine når ein ikkje har meir garn og så er det berre trasig alt som skjer i verda og som vi får høyre om på TV.

Forresten så har eg jobba litt med spansken, for i morgon er det siste gongen før sommarferien -og det er eg glad for. Eg likar å vere på kurset, men eg likar ikkje å gjere lekser. Det er vanskeleg å lære noko nytt når ein er 85 år. I dag er MIMI Trovåg 81 år. Det er synd at vi er så langt borte frå kvarandre og ser kvarandre så sjelden. Men vi har no Messenger.

Gras og blomster veks villeg i år. Eg lurer på kva tid eg skal begynne å klippe plen. I fjor vart plenen klipt første gong til 17.mai.


Ingen kommentarer:

Dagbok 2025. 16.april

 Klokka er no17.18,og akkurat no skin sola, det gjorde ho på føremiddagen også, men så kom der ei regnbyge midt på dagen.Eg var tidleg oppe ...