mandag, april 07, 2025

Dagbok 2025: 7.april

Blomster ved ALTI


 Klokka er no20.26, temperaturen ute er + 8 grader og det har vore fint  i dag også. Eg var tidleg oppe i dag også, men ikkje for tidleg. Etter at eg hadde fått meg frokost etc, tok eg ein tur på Vernet-fint å vere ute tidleg, men det var det fleire som var. Kvar dag, nesten, går eg der oppe og nyt utsikten over "byen" Eg har budd her i Ørsta i nesten 60 år, så det er her det er heime no.

I dag hadde eg avtale med "gamle" kollegaer, vi skulle på Fru Svendsen, eg har ikkje vore der etter at der kom nye folk som driv kafeen. Vi vart ikkje fulltallige i dag, ei av damene måtte melde fråfall, men vi 4som kom var glade for å sjå kvarandre, det minkar stadig på den gamle gjengen.Vi hadde ei koseleg stund, eg køyrde sjølv i dag, men Ragnhild frakta dei to andre.

Etter at eg kom heim vart det berre opp i tull, men eg laga meg middag om ikkje anna. Eg står på altanen og ser ned i hagen-ser på alt som skulle ha vor gjort, men det blir vel ei råd--ein gong,Elles har eg strikka ferdig eit lestepar.


Dette stod å lese i avisa Møre i dag. Det er Volda-avisa. Der står det at høgdepunktet i konserten var då Amanda song på samisk, eller joika som det heiter. Eg syntest også at ho gjorde det godt, men eg er ikkje heilt habil til å bedømme mine barnebarn.

I morgon er det trening igjen, og så må eg gjere spanskleksa til siste timen dette semesteret.


Ingen kommentarer:

Dagbok 2026:¤.juni

Eg har to slike rhododendron, men dei så så nær kvarandre at dei ser ut som ein.  Klokka er no 17.00, det skyar visst over etter at vi har h...