torsdag, april 03, 2025

Dagbok 2025:3.april.



Klokka er no 18.40, temperaturen ute + 6    grader , det er nokså skya men opplett.
Eg kom nettopp heim frå pensjonistmøte. Det har vore litt aktivitet i dag, i og med at eg var på trening først, så var eg heime ei stund, og då fekk eg rydda i stova og støvsuga teppegolva, mellom anna. Møtet tok til klokka 16, så det vart ikkje så lang dag heime.
På møtet i dag vart eg sittande i lag med Eli, begge kosa vi oss over å ikkje vere i styret. Men dei som var der hadde gjort ein god jobb. Det var fullt hus i dag, trileg fordi "presten" som eg ikkje hugsar heile namnet på -Sindre? var der med gruppa si  og spelte og song.Til mat i dag fekk vi brennsnut(betasuppe) +kaffi.
Der var diverse anna program også, og til slutt var det trekning. Gevinstane i dag var Påskenhøner. Eli og eg sat og flira og snakka om at dei var gyselege-og det var dei!!!! DÅ.......vann eg ei !!!!!Eg lurer på kvar eg skal pynte opp med den?

Marit er med Janne på kor-øving i Loen i dag. Ho var ned med kattamat som eg skulle gi Lolla sidan matmora ikkje var heime. Då eg kom heim ropte eg på henne: Lolloooo og ho kom springande med ein gong.No har klokka bikka 7-talet og det er heilt lyst ute-eg har lyst å gå ein tur på Vernet,  eg har fått det ryktet på bygda at eg er så SPREK og det er eg no ikkje...........men det vart så fint no at eg MÅ ut, så får eg heller vere inne i morgon og ta fredagsvask etc. Og så skal Svein Nordal hente meg og køyre til Ferja, På andre sida tek Margrete i mot oss,og så blir det konsert. 
 KL20.15: No har eg vore ein tur på Vernet, ikkje mykje folk der no, men eg møtte ei eldre dame som hadde fått lyst å gå tur. Ho hadde vore på møte i pensjonistlaget !

Ingen kommentarer:

Dagbok 2025: 6.april

 Klokka er no20.35, temperaturen ute er + 6 grader og vi har hatt enda ein fin dag, Ikkje varmt akkurat men mykje sol, I dag vakna eg ikkje ...