Eg sit her og er ganske trøtt. Det kjem av at eg vaknar så tidleg og står opp i gryotta når det ikkje er noko eg må. Eg drøymer så mykje rart på morgonkvisten at det er ikkje muleg å sove, OK det er ikkje så farleg-eigentleg.
I dag har eg gjort fint lite, men eg har i alle fall gått tur på Fonnvernet i dag, og så har eg vore på butikken. Eg var nesten i hamn på sudokuen i går kveld, men då det var berre eitt tal igjen, så stemte det ikkje. Eg trur ikkje eg gjer meir med det.
Heldigvis får eg til å bruke TV-en, dvs,få norsk tale på alle program også dei programma der dei snakkar norsk. Eg plundrar litt med det framleis, men snart kjem det heilt av seg sjølv, slik som eg hadde det.
Så i kveld håper eg å få følgje skikkeleg med på Stjernekamp.
Som sagt var eg på Vernet i dag, og der trefte eg ei dame som sikkert kjende meg, eg fann ikkje ut kven ho var, men vi prata no like godt for det.
Eg veit ikkje kor mykje fri dei får i påska dei som er i jobb, synest å hugse at vi ikkje hadde fri heile veka, men kanskje frå onsdag? Eg håper no å få sjå barn og barnebarn- og oldebarn ? Kanskje.
Eg klør litt i fingrane -og har lyst å begynne hagearbeidet. Ja lyst og lyst eg har vel mest lyst til å få rydda opp litt.Den gamle kompostbingen står i fare for å gå ut i spagat, og eg vurderer å snauklippe eller ta heilt vekk plommetreet, men no har eg tatt vekk så mykje at det er lite igjen. Men det er grense for kor mykje hagearbeid ein greier når ein er 85 og har vond rygg. Hadde det ikkje vore for ryggen -kunne eg ha flytta fjell- tru eg. No er det vel på tide å ønske alle ei god påske. Påska kom seint i år så viss det skin opp så blir det nesten sommar-
God Påske ! Ønsker eg alle som er innom bloggen.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar