onsdag, oktober 24, 2007

Kva er dette?

I går då eg var opp til Ingunn og såg det nymåla kjøkkenet, viste ho meg dette stativet.
I dag gikk eg opp med fotoapparat for å få vist vidunderet til heile verda.
NB: Det står vanlegvis inne.
Ingunn er utdanna innan kokkefaget og kjempeflink med all slags mat. Blant anna har ho laga fleire bryllaupskaker i seinare år.
I samband med den aktiviteten har ho fått Peder til å lage dette solide stativet i metall, med plass for 5 kaker i ulik storleik. Det er måla med "sølv"-maling, noko som ikkje kjem så godt fram på bildet. Tenkte det kunne vere av interesse når det kanskje ikkje er så altfor lenge før ein ny generasjon skal tre inn i ektestanden. Kanskje?
Elles har vi hatt besøk av Margrete og ungane i dag.
Etter middagen tjuvstarta vi på jula med ferdigkjøpte
peparkaker som vi hadde hamstra inn.

2 kommentarer:

solveig sa...

Her sit 4 17 år gamle Liverpoolsupportarar og drikk julebrus frå glasflasker til kampen. Det går i 6-pack.

Anonym sa...

Måtte til å vaske det nye sengesettet til Eirik så han fekk det på før han la seg. Motiv: Liverpool...

Dagbok 2026:¤.juni

Eg har to slike rhododendron, men dei så så nær kvarandre at dei ser ut som ein.  Klokka er no 17.00, det skyar visst over etter at vi har h...