Fekk utskrift frå Telenor, over alle samtalar og meldingar i oktober. Det viser seg at dei som har tappa meg for pengar er noko som heiter: 2098 Echovox. Eg søkte på Google og fann ut at dei leverer av ei rekke tenester for mobil. Tenester som eg aldri har bede om og aldri brukt ! Etter som eg forstår er det Telenor sjølve som står bak. Eg har skrive ny mail til dei og spurt kva eg / dei skal gjere.
Det einaste "galne" eg har gjort, er å ikkje finne ut av kva alle dei skumle meldingane dreia seg om, berre sletta dei. Men eg har heller ikkje bekrefta noko.Dei har tappa meg for 30 kroner nesten annakvar dag-ikkje det heilt store, men prisippielt godtar eg det ikkje, og skal ha pengane tilbake. Basta.Hermed åtvarer eg alle andre, slik at de ikkje går i same fella som eg.
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Dagbok 2026:14, september
Klokka er no17.40, Ute er det litt regn og +13 graderC- så eg held meg inne. Eg har ein liten arbeidsplass her på kjøkkenbordet. Og her har ...
-
Far i huset ønsker seg eit par skikkelige tova fiskarvottar som kan halde hendene varme i all slags ver. Eg har søkt på nettet etter oppskr...
-
Det er ikkje til å tru, men vi har strålande ver i dag også. Sola skin,det er berre lette skyer på himmelen og temperaturen er minus 3 grade...
-
Klokka er no snart 18.00, temperaturen 10-11 grader C, og det er framleis sol sjølv om det blir meir skyer etter kvart.Sidan eg har tatt b...
2 kommentarer:
Koseleg blogg du har om daglege gjeremål. Ser på biletet av villsauen lenger nede på sida, me har fleire som liknar på desse. Eg har villsauer på siste innlegget mitt også om du har lyst å sjå.
Ha ein finfin dag :o)
Eg har ikkje budd på gard, og aldri hatt sauer. Men mannen min er frå Solund i Ytre Sogn og der hadde dei sauer som gjekk ute det meste av året.Dei var av rasane spelsau og sjeviot(usikker på korleis ein skriv namnet).
Legg inn en kommentar