lørdag, oktober 13, 2007

Gammalt nytt.

Vi har ein bruktbutikk her også, men eg har ikkje vore innom før i dag.Og der fall eg for desse kaffikoppane, som er veldig gamle og løvtynne, slik kaffikoppar skal vere.Koppane er finare enn fata, for å seie det slik.Heilt billege var dei ikkje, men eg fekk 5 kuvertar for 325 kr og så går pengane til misjonen. Så då så...........

6 kommentarer:

Anonym sa...

Dei ser kjempefine og gode ut.
Helsing ho som drikk av arvekoppar til kvardags.
P.s.
Dei hadde eit sett på 5 til 50 kr på Brukt og billeg, men dei var ikkje spesielt fine.
Dei du har kjøpt ser spesielle ut.

Besta sa...

Ho som selde dei hadde jobba på glasmagasinet til Sveen i mange år. Ho sa at når dei ikkje var stempla under, var det eit teikn på at dei er svært gamle.Dei hadde ein kopp til, men den var skar i, så den kjøpte eg sjølvsagt ikkje.Neste gong de kjem skal de få sterk og god kaffi i desse koppane

Anonym sa...

Fine koppar!
Eg hadde og litt opprydding i kle denne helga. Best å få vekk det som ikkje blir brukt,slik at det blir meir oversiktleg,og ein finn det som er aktuelt å bruke. Svigerforeldra mine har venner frå Kosovo som tek med kle eller sender dei med andre dit. S&K var faktisk i Kosovo i sommar saman med dei vennane for å besøke familien deira der. Hilde

Besta sa...

I dag har eg pakka to sekker til! Mest ullteppe og anna sengetøy. Det skal vere innsamling til ein barneheim, og dei som samla inn sa at dei hadde ikkje ein gong noko å breie over borna der. Born som svelt og frys greier eg nesten ikkje å tenkje på og vi har nok igjen!!!Ullteppe er no godt og varmt om dei er både gamle og ihoptova.

Anonym sa...

Det er kjekt å gi når ein veit at det kjem fram. Her har det vore avisreportasjar etter slike sendingar. No har dei sett opp UFF-containarar, først ein, så to.
Viss folk får kaste gratis, spørs det om det øydelegg for slike hjelpesendingar. Vi har betalt 50 kr pr sekk i "porto".
s

Besta sa...

Vi betalte også 50 kr pr sekk i porto, og så er det "kjende" folk som styrer med det.

Dagbok 2024: 25.april i dag.

 Bilde frå turen min i dag- På det øvste bildet ser vi gjengen som har tatt ned masse ore-skog og rydda fint opp. I dag hadde dei ei maskin ...