
I dag er det bakedag i pensjonistheimen. Eg bakar Ingers brød til meg sjølv., dobbel porsjon(= 6 brød). Nils toler dei ikkje så godt, så til han lagar eg grove rundstykke.Men ikkje i dag.
Fekk oppskrifta på Ingers av Bodil, og sidan har eg nesten ikkje ete anna brød. Det er mange som ikkje likar desse brøda, men eg synest dei er kjempegode etter eit relativt langt opphald i brødristaren.Men det MÅ vere EKTE geitost på. Så hermed er det over på geit. Dei er også all -righte dyr.
Ingers kokebok har eg fått med Margrete, men det blir helst til at eg lagar maten slik eg er vant til. No ringde Nils frå båten, han hadde fått sei, både liten og stor, så i dag blir det fersk småsei til middag.Eg treng vel ikkje fortelje at vi et svært mykje fisk og fiskemat?
4 kommentarer:
Du får scanne oppskrifta. Eg har aldri laga desse, er også skeptisk til for mykje rug, men eg trur ein må gjennom ein tillvenningsperiode.
Her har vi slått oss på Fibramjøl, 100% grove brød med linfrø og solsikkefrø.
s
Der er ein variant med og ein annan utan rug. Den siste med havregryn.Trur eg har dei liddande i ei mappe klar til sending.
Fibramjøl er akkurat det same som vanleg finmalen grovkveite.
liddande- skal sjølvsagt vere liggande. Tastefeil.
Legg inn en kommentar