lørdag, oktober 27, 2007

Raudøya


Denne øya er ei naturperle av dei sjeldne.
I "gamle dagar" var det to gardsbruk der, no vert husa på gardane nytta til fritidsbustader.
Inste delen av øya er det kommunen som eig. Det er fritt å ferdast på øya - for alle. (Men det er ikkje lov å klippe sauene)! I fjor reiste vi ut dit med båten, men i år har det vore så lite finever at det har ikkje blitt tur dit.

2 kommentarer:

Elin sa...

Eg er blitt ein stor fan av sauer i det siste!
Gå inn på Heimdal si side (blogglista mi), og blad deg nedover, sjå dei herlege villsauene!
God helg!

Besta sa...

Etter å ha prøva og feila enda nokre gonger, fann eg villsauene.(Det var rette sida eg var inne på før i kveld også, men då var ikkje sauene med).
I fargane kan dei minne om dei vi såg, men vi er ikkje sikre.N. er også engasjert i å oppklare mysteriet.Kanskje det var ein blandingsrase? Må nok køyre over Valdresflya neste gong vi fer austover, så får vi kanskje sjå dei att........God helg! Hels your DH and your DDs.

Dagbok 2024: 23.april

  Eg har ein plass på maskina der eg kan finne "gamle" bilde. Dette er ei av rosene mine, Leonardo da Vinci, trur eg. Eg har lese ...