torsdag, oktober 04, 2007

Apropos Glomma.

På turen vår kom vi fleire gonger i kontakt med Norges lengste elv. Her har eg prøvd å ta bilde gjennom bilruta på Konsvinger. Så stoppa vi på Skarnes og tok bilde av stasjonsbygningen der far min vaks opp og av elva der han fanga kreps då han var liten. Han fortalde at dei hadde føtene ut i vatnet og så beit krepsane seg fast i tærne.Gammal og god fiskemetode. Som de ser er bilda mine like dårlege som dei plar vere. Det er "hastverksarbeid"! Trur eg skulle hatt eit fotokurs..............

Ingen kommentarer:

Dagbok 2026:16.november

Klokka er no18.12 oog eg kom nettopp heim etter å ha vore ein tur opp til Marit, Då eg skulle gå over gata og heim, fekk eg sjå den store fl...