torsdag, oktober 11, 2007

Nettstrikk i Volda.


Kva kan ein finne på i dette veret? Jo, shoppe og strikke går bra. I dag har eg handla garn i Volda. Oppdaga at det tynne alpakkagarnet som eg trudde fantest berre i grått og koks finst i mange fargar. Mellom anna raudt, så no er det håp for dei som ønsker seg t.d. raud hue til jul!
Fabelgarnet skal bli ein gutagenser str, 6 år med brot i einsfarga mørkeblå Sisu. Håper det skal bli bra?
Skulle kjøpe meir Regia også, men den fargen eg mangla hadde dei verken her eller der.

3 kommentarer:

STRIKKEMOR(O) sa...

Eg har også handla garn i dag. Var til Førde saman med Bjørnar, Magnus og Van Gough.

Besta sa...

Van Gough? Kven er det? Malaren?
Strikkar du noko av alt garnet du kjøper, eller hamstrar du?

Anonym sa...

Då kan det bli huer til damene i familien.. NB! Eg tiggar ikkje til meg sjølv, for eg har nok med ei hue...
solveig

Dagbok 2026: 5.august

 Klokka er no19.00,temperaturen ute er+18 grader C, det er overskya men opplett. Men det har nok vore regn sist natt også. Denne sommaren ha...