torsdag, august 26, 2010

Bok nr.44 2010: Kafka på stranden.

Eg har lese mange bøker av Haruki Murakami, og eg har likt alle. Men Kafka på stranden står i ei særstilling.Den er ikkje verken enkel eller lettfattelig, men utrulig fascinerande, og gir ein virkelig noko å grunde på.Den er kompleks og nokså vanskelig å forstå, derfor har eg no lese den for andre gong, og eg trur nok eg kjem til å lese den fleire gonger også.Eg trur at ein kan lese denne boka nokså mange gonger og finne noko nytt kvar gong. Det er ikkje sikkert at alle er slik som eg på denne måten, men eg likar å lese bøker fleire gonger.Eg vil ikkje gi meg ut på å forklare kva boka handlar om, for det er mykje. Historia som på ein måte ligg i botnen, er skildringa av den unge Kafka Tamura som står på spranget inn i den vaksne verda.Men i denne verda kan alt skje.Det er med andre ord ikkje ei realistisk forteljing, men meir ein metafor...nei, eg gir opp å forklare.De kan lese det som står på omslaget.
Dette er ei av yndlingsbøkene mine, og på ingen måte vanskelig å lese.
Omsettaren har gjort ein kjempegod jobb, og han som les lydboka er heilt fabelaktig.

2 kommentarer:

Bjørg sa...

Er det frå japansk miljø?
Han Duc Mai-The kan vere fødd i Volda.
Då vi budde i Volda i 1970-71, var Sissel ? Mai-The nabo med oss og turnuskandidat på sjukehuset. Ho er syster til gazalegen Mats Gilbert.
Trur ho hadde ein son då.
Han les nok godt viss han har litt sunnmørsk bakgrunn.

Besta sa...

Eg veit ikkje noko om han, men han les vanlig bokmål, med innslag av ein dialekt frå ein eller annan dal. Avgjort ikkje Volda-dialekt.

Dagbok 2024: 25.april i dag.

 Bilde frå turen min i dag- På det øvste bildet ser vi gjengen som har tatt ned masse ore-skog og rydda fint opp. I dag hadde dei ei maskin ...