torsdag, august 26, 2010

Vermelding 26.august 2010

Klokka er no 16.15, temperaturen er + 15 grader C, det er overskya og litt regn av og til.
I dag har den første solsikka sprotte ut. Naboane trur oss ikkje når vi seier at det er fuglane som har sådd frøa, men det er altså sant.Nils har fyrt litt i omnen for å gjere det trivelig inne no når vi skal slappe av.

I dag har det vore ein lapredag. Eg skulle til frisør 11.30 og etterpå skulle vi handle mat etc.
Etter at vi var ferdige på Amfi gikk vi opp i gågata for å sjå litt på dei få butikkane som er att. Vi var inne på den nye interiørbutikken som har ein for oss ny stil. Eg vil kalle den "Fransk, landsens stil med rot i 50-talet". Artig å sjå, men korleis kombinere med det ein har frå før? Det er litt av ei utfordring. For ikkje å gå heilt tomhendt ut att, kjøpte eg dette brettet til ca 200 kr. Dei hadde eit i grønt som eg heller ville hatt, men eg var redd det var feil grønfarge. Kanskje eg kan kjøpe det også og gi vekk det eine?
PS. Har oppdaga at brettet har samme farge som kjøkkeninnreiinga, så det passar i grunnen godt inn.

3 kommentarer:

solveig sa...

Det er dette med stil. eg lurer på kva eg skal kalle min, bondsk? bygdis?

Besta sa...

Kva stilart ein har er vel ikkje så godt å bestemme, men eg likar å kalle min stil minimalistisk, sjølv om det ikkje dekker. Men så er det det at eg har lett for å falle for saker og ting med dyr på.......Men den franske bondestilen passar i alle fall ikkje på vårt kjøkken-eller elles i huset.

solveig sa...

Eg veit berre at eg må ha fargar!

DAGBOK 2024: 19. APRIL

  Dette bildet er eit par veker gammalt, eg har ikkje fått orden på bildebruken enno. Klokka er no 17.20, temperaturen ute er+8 grader, det ...