Klokka er no 12.45.Temperaturen er + 17 grader C, det er overskya , men opphaldsver.Sola er nesten framme somme tider.
Som de kanskje ser på bildet blomstrar endelig den mørke blålilla clematisen, den plar ofte blomstre seint, og mange år har det snøa på blomstrane.Eg likar så godt clematis, og det finst så mange sortar og fargar, men vi manglar vegger der han kan klatre. Vivendelen er bra i rute. Rosene stod veldig fine før regnveret kom.
I dag ventar vi Margrete og ungane på besøk, og vi lagar noko som Margrete er glad i: "Pappas ertersuppe"-og så skal eg steike pannekaker i tillegg. Vi har hatt mange diskusjonar på bloggen om kva suppe ein brukar til pannekaker. Her i huset er det ertersuppe som gjeld- og det gir vi oss ikkje på.
Jentene skal på ballettøving i dag og det er her i Ørsta.
2 kommentarer:
Var ein rask tur til Volda/Ørsta i dag. Hadde med sykkel til Ole og litt utstyr. Han bur i E blokka på Heltne. I Ørsta var eg berre innom garnbutikken og KappAhl. Kjøpte garn til genser til Henning....
Dumt du ikkje stakk oppom og fekk deg middag, så kunne du fått helst på Margrete med det samme.Det blir vel fleire turar utover hausten?
Legg inn en kommentar