tirsdag, august 24, 2010

Vermelding 24.august 2010

Klokka er no 12.40. Det er + 15 grader C og akkurat no bryt sola fram, tidlegare i dag var det regnbyger.
Både rosene og dei andre blomstrane i hagen vart litt forsluffa etter at regnet kom, men før det var det ganske fint i hagen. På trappa har vi to pelargoniar som overvintra i kjellaren sist vinter og har blomstra sidan tidleg i vår. Sidan ein av blogglesarane er spesialist, lurte eg på om ho kanskje veit namnet?
                          
Nils for på sjøen i dag tidleg for å fiske makrell, og makrell fekk han, både nok og for mykje. Det er ikkje så mange naboar heime i dag, så det meste går vel i frysaren til agn. Sjølve skal vi ha steikt makrell til middag, det har vi hatt berre ein gong før denne sesongen. Det er begrensa kor mykje makrell to menneske kan ete.
Det var ein stor dag for Hassan (frå Irak) - han hadde aldri sett så mykje makrell før.

6 kommentarer:

Anonym sa...

Har du prøvd deg på å lage makrell i tomat og div anna pålegg av makrellen? Varm-røykt/kald-røykt, pepparmakrell.... må vere noko for to som ser ut til å elske fisk i alle variantar! Randi

Besta sa...

Har smakt varmrøykt makrell. Det er godt. Men makrell er faktisk den fisken ein lettast vert lei av, så no går vel resten til agn. Hadde herlig steikt makrell i dag. Elles lagar eg ofta sylta makrell(Kald, kokt i lake)med agurksalat og rømme.Det er liksom favoritten.

Hildegard sa...

Svein fiska makrell i går, så vi hadde steikt i dag, for andre gong, nydeleg - med masse steikt løk og raspa gulrot. Føremiddagstur til Stryn, besøkte Lise og Kjell og såg på den fine nye uteplassen deira og handla litt til badet.

Elin sa...

Viss det tilfeldigvis var meg du sikta til, så veit eg namnet på mine to typar! Men no er eg blitt ganske interessert i pelargonium, så kanskje eg skulle prøve å finne ut av det...

Elin sa...

Her er ein start: http://www.pelargonia.no/

Besta sa...

Takk, Elin. No har eg vore inn på nokre av desse pelargoniasidene, og du verden for eit mangfold. Sidan mine er "ferdigkjøpte" er det ikkje sikkert dei er så ekte, det kan vel forekomme alle slags krysningar.Men eg har fatta interesse for denne plantegruppa og skal prøve å ta stiklingar av dei er har. Prøvde i vår, men då mislyktest eg. Får høyre med Solveig -ho er flinkare.

DAGBOK 2024: 19. APRIL

  Dette bildet er eit par veker gammalt, eg har ikkje fått orden på bildebruken enno. Klokka er no 17.20, temperaturen ute er+8 grader, det ...