tirsdag, august 31, 2010

Vermelding 31.august 2010

Klokka er 12.00. Ute er det skodde og regn,temperaturen er +12 grader og det er ikkje ute verande.
Derfor har eg halde meg på kjøkkenet og baka brød etc. i dag. Lenge sidan sist eg baka; dels har vi hatt brød i frysaren, dels har vi kjøpt. Nils har styrt med eitt og anna i garasjen, no har han tatt ein tur til sin gamle arbeidsplass.
31.august var ein viktig dato i min barndom, då hadde nemlig pappa fødselsdag, han var fødd i 1899. Og ikkje nok med det, mormora mi, besta, var også fødd på denne dagen, men 20 år tidligare. Derfor minnest eg desse to litt spesielt denne dagen.
Pappa vaks opp på Skarnes der far hans var stasjonsmester. Faren døde då pappa var i 10-11-årsalderen, og seinare gifte bestemor seg opp att med ein mann frå Eid, og slik hamna dei der.
Besta kom frå Breim, eller Byrkjelo, som kanskje er eit meir kjent namn. Ho gifta seg med besten som var frå Innvik, og dei vart buande der.
På bildet over er det pappa som sit på fanget til faren sin, Olaus. På bildet under ser vi besta, ho var sikkert over 80 år her.

2 kommentarer:

Hildegard sa...

Koseleg innlegg. Svein er litt opptatt av at Innvik-besta var frå Reed i Breim. Kyrkja i Breim ligg på Reed, nede ved vatnet. Far til Innvik-besta var frå Jordanger, som er fyrste garden ein kjem til når ein har passert Reed sentrum på veg mot Byrkjelo. Besta var frå Sætrebakke som ligg rett ovanfor Jordanger.

Besta sa...

Reknar ikkje med at dei som les bloggen er så lokalkjende, derfor brukar eg namn som er godt kjende.
Innan familien er det greitt å vere betre orientert.Her i Ørsta veit folk knapt kvar Breim er, men namnet Byrkjelo er kjent.

Dagbok 2024: 28.mars. I dag fyller eg 84 år.

Klokka err no17.03, temperaturen ute er+ 10 grader, det er lettskya og fint  I dag har eg fått mange gratulasjonar på nettet -og elles. Eg s...