tirsdag, august 31, 2010

Stridens eple.

 
Dette er Øye Hotell  på Øye i Nordangsfjorden, ein fjordarm til Hjørundfjorden.Det er eit flott gammalt hotell som er fint oppussa innvendig og har ein flott fasade mot vegen. Hotellet er bygd i ein stil som var moderne den tid det vart sett opp. Eg har vore der ved fleire høve og sett både salongane og dei fine romma i andre etasje. Romma er rett nok moderniserte på den måten at ein del av rommet er gjort om til bad. Til denne tid har hotellet vore ope berre om sommaren, men eigaren vil no gjerne legge om til heilårsdrift. Då må hotellet byggast på så dei får fleire rom, slik at dei kan ta imot konferansar av ymse slag etc.
Så har eigaren fått teikna eit tilbygg i same stil som resten av huset, men fylkeskonservatoren protesterer; han meiner at ein ikkje skal etterape tidlegare stilar, men bygge nybygget i ein stil som passar for notida, og ikkje øydelegg for det gamle.
Helst vil han at dei ikkje bygger på i det heile,men bygger eit separat hus i tillegg til det gamle. Mange raser, men eg er samd med fylkeskonservatoren. Ein skal ikkje bygge i "apekattstil", som eg kallar det. Det påtenkte nybygget vil rett og slett øydelegge den gamle fasaden og ta merksemda bort frå det gamle.Derfor meiner eg at dei kan bygge eit tilpassa, men moderne bygg på baksida av det gamle, slik at ein ikkje kjem i konflikt med den gamle fasaden og hagen.
Det er med vilje eg er litt kontroversiell, men dette er faktisk mi meining.Og kva skal vi med fylkeskonservatorar viss alle andre veit best?

Posted by Picasa

6 kommentarer:

solveig sa...

Eg ser det har vore påbygd før, ikkje så fint samanlikna med slik det var!
Spørs om alle arkitektar skulle teikne planar for påbygg?
Mange gyselege påbygg å sjå!
Eg ser fordelar og ulemper ved begge stilar.
Synd å nekte folk å utvide, men ...

Bjørg sa...

Eg er samd med konservatoren og. Trur ikkje spøkelsa vil trivast i det nye i gamal stil.
Synest det ser kunstig gammalt ut.
Trur dei burde gjere som du foreslår. Byggje noko bakom som ikkje konkurerer med det gamle.

Besta sa...

Det verste er at dei har teikna eit nybygg som vil dominere over det gamle, mellom anna med eit hægare tårn.

Besta sa...

Høgare tårn, skulle det sjølvsagt vere.

Anonym sa...

Eit skrekkens eksempel på å bygge noko bakom, er det dei har gjordt på Kviknes hotel i Balestrand..... Ikkje rart dei aldri syner bilete frå andre vinklar enn sjøsida. Då skimtar ein så vidt mur-klossen bak.... Det å bryte så mykje med det gamle er i drøyaste laget meiner eg.... Nye delen på på Øye må vere meir likt det gamle som står der..... er mi meining! Randi

Besta sa...

Eg er samd med deg når det gjeld Kvikne Hotell i Balestrand. Det er berre fint frå sjøen. Men der går vegar på alle kantar slik at nybygget blir veldig synlig. Eit must når ein bygger nytt og gammalt i hop er at takvinklane er dei samme. Eg ville ikkje ha eit betongbygg med flatt tak attåt hotellet på Øye, men heller ikkje eit nybygg i gammal stil som dominerer over det gamle. Ein dyktig arkitekt er nok i stand til å finne ei god løysing.Kvar tid har sin stil!!!!

Dagbok 2024: 26.april

Klokka er no 16.30, temperaturen ute er +8 grader og no skin sola mellom skyene. Det er berre ei lita stund sidan eg kom att frå turen på Ve...