lørdag, august 21, 2010

Vermelding 21.august 2010

Klokka er 13.15. Temperaturen er + 22 grader C, og det er skya men opphaldsver.
I følge kroppsbarometeret mitt kjem det snart store nedbørsmengder, men verkinga kan vel også komme av at eg stolpra rundt i sko med hælar i går, både i gravferda og på butikkar etterpå. Så det er ein grunn til at eg held meg heime i dag til tross for at det er mykje som skjer både her i Ørsta og andre stader.
I dag kan vi gratulere Helene på Eid med 15-årsdagen!

Ofte får Nils mykje småsei, og vi greier ikkje å ete opp alt mens den er fersk. Sist han fiska, tok han og skar filétar, og i dag laga eg seikarbonadar etter ei skulekjøkken-oppskrift. Dei blei veldig gode, derfor vil eg gjerne dele oppskrifta med andre.Eg doblar oppskrifta og lagar røra på foodprosessoren (matmølla). Eg passar godt på å ikkje røre for lenge, då blir kakene seige. Dei blir sjølvsagt ikkje kvite, men gjer det noko?

 GROVE  SEIBURGERAR 

300 gram seifilet i bitar
1/2 ts salt
1 krm. pepar
2 ts potetmjøl
1 ms løk, finhakka
1 fedd kvitløk
1 ms grasløk/timian (kan sløyfast- eg gjorde det)
3/4 dl iskald lettmelk
1 ms flytande margarin


Desse kan serverast på samme måte som hamburgerar, men vi serverer dei som vanlige fiskekaker, steikt på panna med poteter og grønsaker til.


Elles vil eg skryte av oppskriftbøkene dei brukar i ungdomsskulen no. Ingen kjedelige gammaldagse oppskrifter, men moderne mat "slik som dei unge likar". Den dei brukar på Hareid og som eg har henta denne oppskrifta frå heiter  Kokebok for alle. Frå bollar til burritos.

Bildet er "lånt" frå ei bok.

2 kommentarer:

solveig sa...

Eg har berre laga dei frå gamleboka. Kan ikkje hugse at det var kvitløk i dei. Eg har tru på å steike t.d. potetbåtar til. Tidene forandrar seg. medan elevane før kanskje sat og åt berre poteter innimellom, er det ikkje uvanleg å proklamere at ein ikkje likar poteter.
Elles er det lurt å legge opp til val innan visse rammer, er mi erfaring.

Besta sa...

Det er godt med kvitløk i, men sjølvsagt ikkje for mykje.Eg er veldig glad i kvitløk og det trur eg det er stadig fleire som er.Det er ikkje noko mystisk med den smaken lenger.

Dagbok 2024: 22.april

No er klokka blitt 16.35 utan at det har hendt så mykje. Det mest dramatiske som har skjedd er at eg har prøvd å slette alle bilda mine på P...