tirsdag, august 17, 2010

Vermelding 17.august 2010


Klokka er 17.30, temperaturen er + 25 grader og det er lettskya med mykje sol.
No har eg vore ned i hagen og inspisert rosebeddet, og det var ikkje mykje å skryte av når sant skal seiast. Derfor skal eg ha meg ei lita rydderunde.
Før middag var vi ein tur på Amfi og handla, det er over ei veke sidan eg sist var på shopping. Då vi kom heim plukka vi sukkererter, rensa, vaska og fraus dei. Det gjorde eg i fjor også og det går fint. Kjekt å ta att til vinteren  til Wok og liknande rettar.
Til middag i dag hadde vi kald kokt makrell, og åt trulig så mykje at vi er ulysta ei stund.
Så har vi kvilt middag på altanen, det skya litt over akkurat då, elles er det for varmt å ligge å sove i solsteiken.
Eg er ikkje så flink som visse andre å hugse namn på roser. Eg kastar lappane og tenkjer at det namnet hugsar eg nok.....Uansett er rosene fine same kva dei heiter. Noko stort utval har vi rettnok ikkje.
Trur vi kan belage oss på mykje nedbør dei komande dagane, kroppen min plar fungere bra som barometer, så kanskje eg kan forsvare rolla mi som vermeldar?
 Posted by Picasa

2 kommentarer:

solveig sa...

Eg har flytta nokre høge hauststaudar for å få plass til den nye rosa mi, så no har eg vatningsarbeid til regnet kjem.

Besta sa...

Og eg fekk virkelig rydda rosebeddet i kveldinga. Ikkje perfekt, men i alle fall betre enn det var.

Dagbok 2024: 25.april i dag.

 Bilde frå turen min i dag- På det øvste bildet ser vi gjengen som har tatt ned masse ore-skog og rydda fint opp. I dag hadde dei ei maskin ...