mandag, august 16, 2010

Vermelding 16.august 2010

Klokka er snart 14.00 og temperaturen har stige opp til nærmare 28 +-grader. Nesten FOR varmt å vere på altanen i alle fall.
Nils og Hassan for på sjøen i 9-tida og kom att for ei lita stund sidan.Det vart makrell, sei og kolkjeft i dag. Så no blir det sei i dag og makrell i morgon i alle fall.Kolkjeften toler eit par dagar i kjøleskapet før steiking. Eit anna namn på denne fisken er lysing, ei nydelig fisk både til steiking og fiskemat. Det blir nok sein middag i dag, i denne varmen smakar det ikkje så godt med kraftig mat midt på dagen.
Elles vil vi gratulere Stig  André frå Eid med 20-årsdagen i dag!

2 kommentarer:

solveig sa...

Skikkeleg varmt her og i dag. ein skal ikkje bevege seg mykje før sveitten renn!"

Hildegard sa...

Varmt her også, men trur de har rekorden. Makrellfiske på Svein også i dag, så det vart steikt i dag og kald kokt i morgon.

Dagbok 2026:¤.juni

Eg har to slike rhododendron, men dei så så nær kvarandre at dei ser ut som ein.  Klokka er no 17.00, det skyar visst over etter at vi har h...