søndag, august 15, 2010

Det er vel ca eit år sidan sist vi sjekka det nye vegprosjektet, så turen i dag gikk også ut på å sjå kor langt dei var komne med arbeidet. Kvar Kvivsvegen tek til og kvar han sluttar er eg ikkje sikker på, men her brukar eg namnet om vegen frå Volda til Hornindal. Vegen går gjennom fleire store tunnelar, delvis på  gammal veg, men også lange nye strekningar. Dei har laga tunnelar for å få vegen bort frå dei små idylliske bygdene langs den gamle vegen. Mange har nok køyrt over Heggjadalen, og det er mykje dei samme strkningane. Vegen går i tunnel frå Volda til Hjartåbygda, vidare på den noverande vegen, men i tunnel forbi Fyrde i Austefjorden. Vidare på gamlevegen, men i tunnel gjennom Eidsnakken forbi tettbebyggelsen på Kalvatn. Når vegen kjem ut av  tunnelen går han på bru over gamlevegen og gjennom fjellet Kviven til Hornindal. Der er også eit par små tunnelar som eg ikkje har nemnt her. Sidan eg tok bilda på tilbaketuren får de ruta i den rekkefølga på bilda.
Her står eg på brua over gamlevegen. Tunnelen de ser her skal munne ut i Hornindal.
Her har eg snudd meg rundt og ser mot den tunnelen som går gjennom Eidsnakken.
Brua går altså mellom to tunnelar.
Her står eg framleis på brua og ser ned mot Kalvatn, der den gamle vegen går over til Heggjabygda.Vegen rett under brua går til Bjørke.
Eg har mange fleire bilde, av alle tunnelane, men sidan den eine tunnelen er nokså lik den andre, er det ikkje så interessant. Det er mange meiningar om denne vegtrasséen, men når den no først er komen så langt, er det i alle fall bra at dei legg vegen slik at ikkje folk får unødig trafikk oppi dørene, at vegen ligg fint i landskapet og at dei ryddar fint rundt. Det er eit kjempearbeid som blir utført. Ta gjene turen til Bjørke ein sundag!

1 kommentar:

solveig sa...

Framsteg spør du meg!

Dagbok 2024: 24.april

                           Eg gjekk ein runde på Vernet før eg for på møte. Klokka er no 18.04, temperaturen ute er + 7 grader, sola skin no...