mandag, august 30, 2010

Vermelding 30.august 2010

 
Klokka  nærmar seg 19, og vi er nettopp ferdige med ettermiddagskaffien, så i dag har vi kome litt skeivt ut. Der er overskya i dag, og det kjem små regnbyger innimellom. Temperaturen er ca +13 grader C.
Vi fekk eit anfall av arbeidslyst f.m. og var ute i hagen og jobba.Det går stort sett på ommøblering og vedlikehald. Rabarbrarota vart flytta opp til garasjen etter at Nils hadde likvidert kviteripstreet som stod der. Så plukka eg bæra som var på treet + noko raude rips i tillegg,slik at det blir eit par flasker saft.Vi treng ikkje så mykje av den sorten og har att frå i fjor.
Elles har vi klipt heilt ned den fine skjærsminen, så no skal han få fred nokre år. Viss eg klipper berre litt kvart år, blomstrar han ikkje.Vi får nok ikkje blomster neste år, men så blir det mange blomstrande år, før han må klippast igjen. Nils mol kvistane på kompostkverna. Saknar gamle dagar då vi kunne brenne brising i hagen........!
Ei av naboane kom for å få ein Hosta som eg hadde lova henne, og i byte fekk eg ein raud pelargonium, som det sikkert kan takast avleggar av.Har fått litt dilla på desse vakre plantane etter diverse blogginnlegg og etter at eg sjekka pelargoniumsida på nettet.
Posted by Picasa

Ingen kommentarer:

Dagbok 2024: 28.mars. I dag fyller eg 84 år.

Klokka err no17.03, temperaturen ute er+ 10 grader, det er lettskya og fint  I dag har eg fått mange gratulasjonar på nettet -og elles. Eg s...