torsdag, august 19, 2010

Bok nr.43 2010: Hotellet på hjørnet av bitter og søt.

Denne boka hadde eg aldri kome til å lese om eg hadde funne den på butikken. Det på grunn av tittelen, som høyrest direkte klissete ut.Men det var så mange som let vel over boka på Face Book, at eg følte at denne MÅTTE eg berre lese.Gjer merksom på at eg har lese lydbokutgåva, og ein flink opplesar ville kanskje fått meg til å like boka litt betre.
MEN...dette er møl frå ende til annan!! Og ingen kan overtyde meg om noko anna. På ein måte minner den om Øya, i det at det er også her er eit stykke for meg ukjent historie som dannar bakgrunn i fortellinga.Bakgrunnshistoria  er også det einaste som er litt interessant. Kort fortalt er det ei kjærleikshistorie mellom ein svært ung kinesisk gut og ei like ung japansk jente som bur i Seattle under andre verdskrigen, då Kina og Japan var på kvar si side i konflikten. Nokon vil kanskje synest historia er søt og romantisk, eg tykte det var ei lita historie med altfor mange ord.Dessutan hatar er sentimentalitet. I alle fall i bøker.

5 kommentarer:

Anonym sa...

Forstod eg deg rett? Meiner du Øya er "møl"??

Besta sa...

Det skreiv eg ikkje nei. Men eg synest ikkje den var noko litterært mesterverk sjølv om historia var interessant. Hotellet på....er etter mi meining MØL!
Elles set eg pris på at folk skriv namn under innlegga sine.

Anonym sa...

Orsak!! Namnet skal du få: Randi

Det var ikkje meint som kritikk....eg berre lurte, og misforstod...eg har lese Øya, og syns boka hadde ei god historie... Eg las den på ei nydeleg sandstrand på Kreta, med lyden av grashopper, gresk musikk og herleg varme og sol....det løfta vel opplevelsen nokre hakk..... Randi

Besta sa...

Eg er samd i at ØYA har ei god historie, men eg synest framleis at forfattaren kunne fått meir ut av den. Likskapen med Hotellet... er at begge bøkene tek for seg historiske hendingar som folk flest veit lite om. Øya fortel historia om dei "internerte"spedalske på øys Spinalonga, Hotellet... om japanarane som vart internerte i leirar i USA under 2.verdskrigen.
Sikkert fint å lese ØYA på Kreta, men du skulle no hatt deg ein tur til Spinalonga mens du var der nede!

Anonym sa...

Ja, skulle vore ein tur der, men me var på den andre sida av øya, og det var nok berre eg som hadde interesse av å besøke Spinalonga.....Eg har ikkje vore på Kreta for siste gong, og sidan me alltid har vore på same sida, så er det på tide å ta andre enden nærare i augesyn.... Randi

Dagbok 2024: 1.mai

  Klokka er no 17.22, temperaturen ute er + 20  grader, og no skin sola igjen etter at det kom regn midt på dagen. Det har vel vore rimeleg ...