tirsdag, august 31, 2010

Møre-Nytt i dag.

Sidan eg går her mykje og tutlar for meg sjølv, har eg ikkje så mange å diskutere med. Eg har jo Nils, men i dei fleste "kommunale" saker er vi enige. Derfor vel eg å utbasunere meiningane mine på bloggen og på FB, så får eg i alle fall sagt det eg meiner. Om nokon bryr seg om det, er ei heilt anna sak. Her er siste utspel i saka eg skreiv om i går.
Elles vil eg anbefale ein fin biltur til dei som ikkje har reist der før: Køyr frå Ørsta til Sæbø, ta ferja til Leknes, køyr til Urke og Øye, opp Nordangsdalen til Hornindal via Hellesylt. God tur. (Det går sjølvsagt an å køyre motsett veg også viss ein t.d. kjem frå Stryn)

2 kommentarer:

Hildegard sa...

Mange år sidan vi køyrde den vegen.

Besta sa...

Vi køyrde der seinast i fjor, same turen som vi køyrde Panoramavegen. Mykje fint å sjå. I Norangsdalen kan ein m.a. sjå Lygnstøylvatnet, der ei heil seter ligg under vatn.

Dagbok 2026:¤.juni

Eg har to slike rhododendron, men dei så så nær kvarandre at dei ser ut som ein.  Klokka er no 17.00, det skyar visst over etter at vi har h...