onsdag, september 01, 2010

Vermelding 1.september 2010

                                
Klokka er no ca 14.30, temperaturen er + 15 grader C, det er overskya, men det ser ut som om sola kan  bryte gjennom skydekket.
I dag har Nils og Hassan vore ute og fiska med liner og snikar.Han  fekk både sei, lange, kolkjeft (lysing) m.m. Men det sværaste var sjølvsagt kveita på 13,5 kilo. Det var ein fin fisk. Men når sant skal seiast er eg aller mest glad i lange.
Mens han har vore vekke, har eg tatt "helgavasken" her heime + div. anna husarbeid. Det blir ikkje middag no, men når det lid til kvelden skal vi lage noko godt av den ferske fisken. Kanskje fiskesuppe?

                

3 kommentarer:

Hildegard sa...

Steikt kveite er no herrekost!
Kald kokt makrell på oss i dag etter ein fin trimtur til Sagesætra.

Besta sa...

Misunnelig på alle som kan gå turar i skog og mark. Vi gjekk mange og land turar før eg vart så elendige. Prøvde meg så vidt oppom garden ein kveld, det var ikkje så veldig lurt........

Besta sa...

Veit du om nokon driv Sigedalens fjellhytte no? Det hadde vore ein kjempefin møteplass for familiane våre.

Dagbok 2024: 26.april

Klokka er no 16.30, temperaturen ute er +8 grader og no skin sola mellom skyene. Det er berre ei lita stund sidan eg kom att frå turen på Ve...