Klokka er no ca 14.30, temperaturen er + 15 grader C, det er overskya, men det ser ut som om sola kan bryte gjennom skydekket.
I dag har Nils og Hassan vore ute og fiska med liner og snikar.Han fekk både sei, lange, kolkjeft (lysing) m.m. Men det sværaste var sjølvsagt kveita på 13,5 kilo. Det var ein fin fisk. Men når sant skal seiast er eg aller mest glad i lange.
Mens han har vore vekke, har eg tatt "helgavasken" her heime + div. anna husarbeid. Det blir ikkje middag no, men når det lid til kvelden skal vi lage noko godt av den ferske fisken. Kanskje fiskesuppe?
3 kommentarer:
Steikt kveite er no herrekost!
Kald kokt makrell på oss i dag etter ein fin trimtur til Sagesætra.
Misunnelig på alle som kan gå turar i skog og mark. Vi gjekk mange og land turar før eg vart så elendige. Prøvde meg så vidt oppom garden ein kveld, det var ikkje så veldig lurt........
Veit du om nokon driv Sigedalens fjellhytte no? Det hadde vore ein kjempefin møteplass for familiane våre.
Legg inn en kommentar