tirsdag, februar 17, 2009

Fastelavn




No har eg blitt påmint, både gjennom bloggen og av risseljarar på trappa, om at det snart er fastelavn, så eg måtte til å sjekke. Så viser det seg altså at det er komande sundag! Har de tenkt over kor kjekt det er å halde på dei gamle skikkane med karneval,krembollar og rømmegraut etc. FASTE derimot.........

Ein ting som forundrar meg er at Saniteten sel ris av bjørkekvistar med fjør- to ting som svært mange er allergiske for.Vårt ris blir sett att ute i snøen ved trappa.

7 kommentarer:

Hildegard sa...

Fastelavens-søndag, bolle-måndag, feite-tysdag, aske-onsdag, er det fleire? Mange "merkedagar". Smart trekk å setje riset ute i snøen.
Eidabesta

arieldog sa...

Det finst andre tresortar som folk ikkje har så lett for å vere allergiske mot? Og det går an å pynte risa med silkepapir i staden for fjører? Men bollar må det bli. Med jordbærsylte og melis i tillegg til krem. Eg vurderer ferdigrørte frosne jordbær frå frysedisken i år. Men det blir nok laurdag (Ingeborg og eg reiser med nattbussen søndag kveld)

solveig sa...

Eg har brukt å sette fastelavnriset i "nyestova" vekk frå ev. allergiske. Eg kjøper det berre for å støtte Saniteten. Her slit dei med å lage nok, den faste seljaren er på sjukeheim,så dei siste åra har ingen kome på døra.

Besta sa...

Ja, ære vere dei som sit og lagar risa og på den måten gjer noko for fellesskapet.Så får vi heller sette riset ein stad der det ikkje gjer skade.

solveig sa...

No fekk eg lyst på rømmegraut!!
Bollar er sjølvsagt, men når vi har langdag, vert det ikkje graut. I år er feitetysdag i vinterferien, så det kan bli ei råd.
Mor til Øystein var van med erter, kjøt og flesk på feitetysdag. Det kan no bli eit blogginnlegg om...
Vi kan no vurdere det som eit alternativ til faste ein annan dag!

Elin sa...

Fasta får vi vente med...denne veka er det bollebaking på skulen mest kvar dag. Og rømegraut må vi no ha, kanskje på tysdag? Blåmåndag er namnet eg har lært..

Besta sa...

Blåmandag var det vel rett som det var- i gamle dagar også.Men mandagen etter Fastelavn var vel ekstra blå. Feitetysdag (mardi gras)er det vanlege namnet på tysdagen,her i Ørsta kallar dei dagen "grautatysdag". Meininga var at ein skulle ete godt før fasta tok til på Oskeonsdag, då dei kledde seg i sekk og oske og gjekk inn i fastetida. Ikkje alle gamle skikkar er like kjekke å ta vare på.

Dagbok 2024: 24.april

                           Eg gjekk ein runde på Vernet før eg for på møte. Klokka er no 18.04, temperaturen ute er + 7 grader, sola skin no...