søndag, februar 15, 2009

Bok nummer 11.

Denne norske krim-forfattar-en har fått mykje mindre omtale enn mange andre. Faktisk er han ganske god. Her er ikkje mykje action, og brutaliteten blir ikkje skildra på ein spekulativ måte.Mysteriet vert stort sett løyst ved samtaler, snoking -også på datamaskinar-og tankearbeid. I mesteparten av boka ligg forteljestemma hos hovudpersonen,advokaten Svend Foyn frå Tønsberg. Eg likar den arrogante,slentrande, litt ironiske forteljestilen.Og opplesaren understrekar stilen på ein fin måte.
Spørsmålet som kjem opp mot slutten av teksten er :Skal ein forbrytar alltid straffast?
Eg har lese fleire bøker av denne forfattaren før, og likt dei.

No har eg liggande to bøker som eg fann på biblioteket i går, den eine er så ny at dei hadde fått inn berre lydboka, ikkje papirutgåva.

4 kommentarer:

solveig sa...

Eg har lese ei bok med denne helten,advokat. Då meiner eg at han fann løysinga, men at ikkje alt kom fram i lyset.

Besta sa...

Er du sikker på at det ikkje var denne? Det er nemlig det som skjer her , noko som tittelen kan vere ein peikepinn om.

arieldog sa...

I dag kjøpte eg meg ny discman! Enkelt og greitt på busstur.

Besta sa...

Walkman/ discman er heilt greitt så lenge ein ikkje driv og misser dei ned!!Skulle gjerne hatt ei ny, er ikkje så begeistra for den eg sist kjøpte.Men det er vel den typen du har kjøpt no? Sidan eg ligg med discman om natta, er eg avhengig av å kunne betjene den utan å sjå-store, tydelige "knottar" er eit must.

Dagbok 2024: 25.april i dag.

 Bilde frå turen min i dag- På det øvste bildet ser vi gjengen som har tatt ned masse ore-skog og rydda fint opp. I dag hadde dei ei maskin ...