lørdag, februar 14, 2009

Happy Valentine´s day.

I dag er det Valentinsdagen, enda ein utanlandsk merkedag som er importert til landet.Kva dagen står for veit eg eigentleg ikkje så mykje om, men går ut frå at det er ein dag då ein skal vise merksemd, sende kort og eventuelt blomster til folk ein er glade i.Kanskje helst kjærestar?
No sender eg med denne virtuelle blomsten ei helsing til alle som eg er glad i og bryr meg om. Og det er mange! Alle som les bloggen min t.d.
Ingeborg har vore hos oss i natt. No skal ho til Volda for å delta i Ungdommens kulturmønstring.Ho skal danse til, mens ei av veninnene syng.

2 kommentarer:

Hildegard sa...

Koseleg blomsterhelsing, reknar med at vi sørom grensa også kan vere mottakarar? Kjekt at de har hatt Ingeborg på besøk, henne kan de sikkert prate med om alt.
Ingrid saman med venninner skal visst nok vere med på UKM her, i dans. I mi tid var det song og gitarspel vi underheldt med, men vi hadde ikkje noko som heitte UKM, men basarar og slikt. Besta var vel med i teater/revyar? Eidabesta

Besta sa...

Eg var ikkje så sikker på meg sjølv med det samme eg var oppe, no er eg i bra form og angrar litt på at eg ikkje vart med til Volda. Men viss dei går vidare.......Det var ikkje så mykje born og ungdom fekk vise seg fram på før. Sjølv var eg med i Den spanske fluga som vi sette opp det året eg var russ. Men det var berre ei lita rolle.Synge, spele og danse har eg aldri kunna,så det begrensa seg sjølv.Men ein gong fekk eg prøve med som stand-up-komikar i ein konkurranse- som eg vann. Det var i 1956og eg var 16 år.Kviler på dei laurbæra enno.Elles har eg vel levd eit heilt liv på scena, dvs.bak kateteret.God helg!