fredag, februar 27, 2009

Bok nr.14

No har eg altså lese ut min første tyrkiske roman.Eg håper ikkje det blir den siste, for denne forfattaren greidde virkelig å fenge meg.Eg vil ikkje skrive så mykje om handlinga i boka, de kan lese det som står på baksida av coveret.I tillegg til dei fem personane som fortel historia frå sin ståstad, er også stemma til den døde farfaren i høgste grad med, gjennom tankane til farmora. I tillegg til familie-historie er dette også ei historie om landet Tyrkia, som står med ein fot i det gamle muslimsk-orientalske samfunnet, og den andre i det moderne sekulariserte Europa.
Noko som eg likte godt var at over-settaren hadde skrive eit etterord til boka, der han fortel om forfattaren,landet og historia.
Han som les boka, er berre heilt topp. Han gir kvar av "forteljarane" ei eiga stemme utan å overdrive.
Denne boka vil eg anbefale på det varmaste.
Du finn ein kjempegod presentasjon av boka på Internett.
Les meir her

4 kommentarer:

solveig sa...

Det er ein Nobelprisvinnar eg har lyst å lese!!!!
Kanskje vi får til å legge den på datamaskina di!!!!

Bjørg sa...

Eg er imponert over alle bøkene du får lese.
Denne har eg sett på i butikken, og har lyst å lese.
Eg har lese den om Istanbul. Då blir ein kjend med landet på ein annan måte enn gjennom reisebøker.

Besta sa...

Ein av grunnane til at eg les mykje, er at eg ikkje ser sport på TV.Dessutan kan eg ikkje vere så aktiv som eg vil. Og lydbøker kan ein også lese mens ein gjer andre ting. Denne boka burde du lese som lydbok, for han som les er veldig flink!!

arieldog sa...

Eg synest alltid det er kjekt å lese bøker frå andre kulturar - ein får inn så mykje av tankesettet som ikkje ein norsk forfattar ville ha kunna formidle. Minn meg på denne om nokre veker, når eg går tom for lesestoff.

Dagbok 2024: 22.april

No er klokka blitt 16.35 utan at det har hendt så mykje. Det mest dramatiske som har skjedd er at eg har prøvd å slette alle bilda mine på P...